Jorunn Torsheim Foto: Astrid Waller

Dei kunstnarlege uttrykka til W.A. Mozart og Oddvar Torsheim smeltar elegant saman i den komiske kammeroperaen”Susanna frå Sunnfjord” som blir framført på Dei nynorske festspela sundag 27. juni.

Jorunn Torsheim spelar Susanna i denne fantasien krinsa rundt Susanna-figuren frå Figaros Bryllaup av W.A. Mozart og silketrykket til Oddvar Torsheim frå 1971, Susanna frå Sunnfjord.

Året er 1786 og Mozart har tilbrakt ein sommar i Sunnfjord. Han er forelska i gardsjenta Susanna frå Sunnfjord og bestemmer seg for å skrive ein opera til henne og den skal framførast om nokre veker i Wien. I operaen skal Susanna spele Mona som slit med forholdet til Disco-Lars.

Mona vil finne tilbake til den ho var og bestemmer seg for å starte på nytt i Hellas. Vil dette vestlandske universet gjere suksess i Wien? Og korleis vil det gå med Susanna, Eg og meg og Mona? Vi møter Susanna gjennom øvingsperioden der ho blir forstyrra av mygg, postmannen og den irritable regissøren Volfgang Oddvartzen.

”Susanna frå Sunnfjord” er ein uhøgtideleg leik og innfallsport til to kunstnarar. Musikken er komponert av W.A. Mozart, medan librettoet er nyskrive av Jorunn Torsheim og Erlend Samnøen, sterkt inspirert av Oddvar Torsheim sitt univers i tekst og bilete.

Erlend Samnøen har regien på stykket og spelar også postbod og regissør frå Wien. Bodil Kvamme er ansvarleg for dramaturgien og Tove Kragset spelar piano til.

Reisande i meiningar

Erling Lægreid har gledd og provosert med meiningane sine i NRK Radio i ein mannsalder. Humor og gravalvor går gjerne hand i hand når Lægreid kommenterer og kåserer på sitt ordrike og til tider grove språk. Sundag 27. juni kjem han til Dei nynorske festspela og Aasen-stemnet for å halde stemnetale om årets festspeltema – reise. Det er berre å gle seg.