Folkestad seier til Vestlandsnytt at urgeitene opplever store snømengder og låge temperaturar, men at dei har hatt barskare forhold før - som i den strenge vinteren 1978/79. Urgeitene på Skorpa har vore der i femti år - og har fleire næringskjelder. Folkestad reknar blant anna med at dei er hyppig nede i fjøra og beitar på taren. I tillegg et dei mykje flis. Dersom dei ikkje har tilgang på rennande vatn, et dei snø. Folkestad er nokså sikker på at vinden har blese snøen av rabbane, slik at dyra kan få i seg godt gras på vestsida. Det som kan vere eit problem er at stammen på Skorpa har vakse mykje dei seinare åra og no tel over 100 dyr, noko som gir eit betydeleg større beitepress enn før. Derfor kan det ligge i korta ei viss uttynning av stammen ved at nokre dyr blir plasserte stader der dei ikkje kjem i konflikt med andre interesser.
Nyhende →
- Villgeitene klarer seg i sprengkulden
Villgeitene på øya Skorpa i Herøy har det stridt i sprengkulden, men naturfagkonsulent Alv Ottar Folkestad trur ikkje dei har større problem med å kome seg gjennom vinteren.