Tevlinga er inne i sin andre versjon etter at Valderøy ungdomsskule gjekk til topps og vann seg 10.000 kroner i den første utgåva hausten 2009. Når det no er sett i gang ei ny runde - med nye pengepremiar i sikte - er det altså eit lag frå Ulstein ungdomsskule som har kome best i gang - med ein poengsnitt på 9,25. Laget fekk full pott i siste runde og rista dermed av seg ei klasse frå Haramsøya ungdomsskule, som då låg likt med Ulstein-laget. Når grunnrundene er over, skal dei tre beste laga møte kvarandre i ein finalerunde. I "Fem Rette" gjeld det å svare best på spørsmål innan fem nyheitskategoriar: sport, lokal, kultur, "nasjonal" og til slutt "internasjonal". Med på Ulstein-laget er Alexander Eksund, Birger Sunde Johansson og Benjamin Mork.