Saman med Einar Holm, Alv Øvrelid og Øystein Liavåg gjekk Johannes Liavåg ut i Vikebladet Vestposten torsdag 11. desember og sa klart frå at planane til prosjektgruppa Hod – Vikinglandet burde skrinleggjast. Bodskapen var at ein spelestad for Hjørungavågslaget burde leggjast ein annan stad, til dømes til området ved den gamle golfhytta på Overåsanden. Men no har Johannes Liavåg gjort heilomvending: Etter å ha studert planane til prosjektgruppa grundigare, kjenner han seg trygg på at scena og amfiet ikkje vil endre på sandforholda ved Overåsanden. – Scena vil faktisk ligge bak den naturlege barden. Det var eg ikkje klar over då eg var med på fellesoppropet, forklarer han. – Eg vil derfor varsle at eg 100 prosent støttar planane og arbeidet som prosjektnemnda har gjort. Og eg vil i same rennet gje ros til dei som har jobba med Hjørungavågspelet frå 1986 og fram til no. Johannes Liavåg kan på mange måtar kallast "far" til Hjørungavågspelet. I 1984 var han til stades då 1000-årsjubileet for slaget ved Fimreite vart markert. Då var det mellom anna framføring av eit historisk spel om slaget, forfatta av Wibeke Knagenhjelm. – Det var eit gripande spel, og folk sat som fjetra, minnest han. Dagen etter tok Liavåg kontakt med Knagenhjelm, og spurde om ho ikkje kunne skrive eit spel til markeringa av 1000-årsminnet etter slaget i Hjørungavåg i 1986. Ikkje så lenge etter kom Knagenhjelm til Hareid for å drøfte framdrifta. – Eg køyrde henne rett inn på Overåsanden, og ho slo ut med hendene i begeistring. Ho syntest Overåsanden hadde alt. – Eg håper inderleg at kommunestyret onsdag 17/12 seier ja til planane som prosjektgruppa har lagt fram. Og når Hjørungavågspelet blir framført på den nye scena, vil eg gjerne spele træl, varslar tannlegen og kulturberaren frå Hareid.

Johannes Liavåg har konkludert med at badestranda ikkje vil lide av at det kjem scena og amfi i bakkant av baren. Og når Hjørungavågspelet skal framførast på den nye scena vil han spele træl.