Det begynte fem minutt før midnatt då politiet måtte rykke ut og fjerne ein rusa mann frå Ulstein Bowling. Mannen vart køyrd heim. Vel eit karter seinare melde Hydro Texaco om ein overrusa ungdom som gjekk amok inne i stasjonen. Ungdomen, som var under 18 år, var så vrang at politiet måtte legge han i handjern. Han var også så rusa at politiet tilkalla ambulanse. Etter ein legesjekk gjekk turen til arresten der han vart verande til neste dag. Foreldra vart orienterte om hendinga like etter at guten vart pågripen. I 3-tida seinare om natta var to karar i slåstkamp utanfor Bunnpris i Ulsteinvik. Politiet var raskt på staden. Den angripne personen vart køyrd til legevakta der ein fryktar for hjerneristing etter fleire knyttneveslag mot hovudet. Politiet kjenner identiteten til dei to involverte og vil prøve å finne ut av hendingsgangen. Men fyllebråket var ikkje over med dette. Klokka 3.45 ringde Kaffebaren i Ulsteinvik for å få politiet til å kome og fjerne ein rusa mann. På grunn av at politiet var opptekne med den skadde personen frå slagsmålet ved Bunnpris tok det litt lenger tid enn normalt å kome seg til Kaffebaren. Den rusa mannen der hadde derfor stukke av, men politiet har gode signalement på mannen. Han skal vere i 40-50-åra - og gjekk med krykke.