Problema som oppstod då BF "Melshorn" skulle ha ei avløysingsferje i vinter var bakgrunnen for møtet. Det viste seg nemleg at den innhenta ferja, som hadde djuptgåande kjøl, ikkje kunne legge til fordi innløpet var for grunt. Møtet fredag vart bl. a. halde for å sikre seg at det same ikkje skjer når Norferjer set inn gamalt materiell frå 1. januar. Willy Nesset, som deltok i møtet på Hareid kommune sine vegner saman med Lars Hustad og Nils Yngve Nupen, fortel om eit vellykka samling. - Det er slik at Norferjer sine nybygg, som skal inn i Hareid-Sulesund, ikkje er ferdige før i mai og juli 2008. I mellomtida vil Norferjer setje inn to 120-bilarsferjer av same type som "Tresfjord", som går i sambandet Vestnes-Molde. Vi må blant anna sikre oss at desse ferjene kan legge inn til kaia på Hareid, fortel Nesset. Statens Vegvesen, som også var representert med tre personar, vedgjekk at karta deira over djupnene i Hareid hamn ikkje stemte. Ved nordre kai er det no berre 3,7 meter djupt - og det er ikkje etter forskriftene. I møtet vedkjende vegvesenet også at skikkelege seglingsforhold var deira ansvar, og dei vil no ta eit fellestiltak med Kystverket for å få både målt hamna og få pumpa bort sandbankane.

Breiare ferjer

- Det som kom fram på møtet elles var at dei ferjene som blir sett inn i Hareid-sambandet vil vere av ein breiare type enn dagens. Dei blir av same type som går i Volda-Folkestad, det vil seie at dei får eigen landgang for passasjerar. Det betyr bl. a. ei ombygging av ferjelemmane på Hareid. Under møtet vart også problema med manglande reserveferjer drøfta. Hareid kommune tilbaud seg at ei slik reserveferje kunne ligge på Hareid. Norferjer, som har fått kontrakten på Hareid-Sulesund-sambandet frå 1. januar 2008, er ei samanslåing av Tide og HSD. Selskapet har 40 ferjer i trafikk. I tillegg til Volda-Folkestad - der dei alt er i drift - skal dei ta over Larsnes-sambandet, Årvik-Koparnes, Lauvstad-Volda og Nordøyane-sambandet.