Det har knytt seg stor spenning til Venstre si nominasjonsliste til kommunevalet 2007. Partiet har venta til siste frist med å kunngjere lista, og først for ei veke sidan gjorde ordførar Gunn Berit Gjerde det klart at ho ikkje stiller til attval. Hareid Venstre har i dag 7 representantar i kommunestyret. Kari Janne N. Ringstad er utdanna sjukepleiar og tilsett som rehabiliteringskontakt i Ulstein kommune. På fritida har ho dei siste fire åra brukt mykje energi på å vere stemnegeneral for Hareidsstemna. På spørsmålet om ho ønskjer å bli ordførar i Hareid, svarer ho ikkje tydeleg: Eg har sagt ja til å engasjere meg i politikken, og eg har sagt ja til å stå på Venstre-lista. Men det er ikkje direkteval på ordførar i Hareid. Valresultatet og forhandlingane etterpå får vise kva posisjon eg får, svarer ho. Kari Janne N. Ringstad har tidlegare ikkje engasjert seg politisk. Eg kjem inn i politikken med blanke ark og nye tankar. Eg ønskjer å bidra til å skape eit godt samarbeidsklima i Hareid. Ho poengterer at det viktigaste for henne er at Hareid skal utvikle seg til å bli ei endå betre kulturkommune, og ein god kommune å bu i. Også tre andre personar er kumulerte på Venstre-lista: Ole Frank Bakken (Hjørungavåg), Annika Brandal (Brandal) og Einar Aasen (Hjørungavåg). 1. Kari Janne Ringstad 2. Ole Frank Bakken 3. Annika Brandal 4. Einar Aasen 5. Ingeborg Bjåstad 6. Kjell Brandal 7. Ann-Helen Grimstad Worren 8. Sølvi H. Abelsen Sjåstad 9. Geir Børre Røyset 10. Kjell Alme 11. Ronald Øvrelid 12. Svenn Aslak Veiseth 13. Ola Leiv Grimstad 14. Hilde Landmark 15. Torill Overvåg Leirbekk 16. Signe Bjåstad 17. Liv Janne Warholm 18. Eva Britt Grimstad Jøranli 19. Birte Bigset 20. Venezia Kulacharam 21. Odd Elvanes 22. Lars Bertel Gjerde 23. Annbritt Pilskog Haddal 24. Bente Karin Skinlo 25. Roger Korsnes 26. Kåre Grimstad 27. Greta Nylly Kirkebø