Frivillige lag og organisasjonar blir inviterte til å vise seg fram for dei mange innflyttarane i Volda. Det er Volda handelsforeining, Volda kommune og JCI Ørsta-Volda som står bak arrangementet. Arrangørane meiner Innflyttardagane trengst i Volda. Kommunen har mange innflyttarar. Kvar haust kjem det hordar med studentar flyttande til kommunen. Målet med Innflyttardagane er å gje innflyttarane eit positivt inntrykk av Volda, både dei som har budd der ei stund og dei som er heilt ferske i bygda. Desse dagane ønskjer arrangørane å informere og engasjere innflyttarane til deltaking og trivnad i nærmiljøet. Me bur på eit område med fantastisk natur, både sommar og vinter. Ikkje minst har me eit rikt kultur- og foreiningsliv. Innflyttardagane vil vere eit framifrå høve til å vise fram nettopp dette, meiner pressekontakt Geir Høydalsvik.

Festdagar

Innflyttardagane vil ha stands i sentrum slik at alle kan få synt fram aktivitetane sine. Det blir kulturelle innslag og andre aktivitetar. Butikkane skal ha utvida opningstid, det blir moteoppvisning, voldafrukost, kveldsarrangement og ikkje minst den populære voldakampen. Innflyttardagane vil òg produsere ei eiga avis med heile programmet, informasjon om utstillarane, naturopplevingar og andre interessante innslag. Me har vald å arrangere Innflyttardagane tidleg på hausten, for det er på denne tida at mange av innflyttarane kjem til bygda. Me håpar Innflyttardagane blir eit årleg sentrumsarrangement der frivillige organisasjonar syner fram aktivitetane sine, seier prosjektleiar Cindy Bentz Pedersen.

Fakta

JCI (Junior Chamber International) er ein verdsomspennande organisasjon for kvinner og menn mellom 18 og 40 år. Organisasjonen arbeider med personleg utvikling og leiartrening.

Handelsforeininga i Volda, Volda kommune og JCI inviterer til Innflyttardagane 13. - 15. september. Karl Erik Rønnestad frå Volda Handelsforeining og Cindy Bentz Pedersen frå JCI Ørsta-Volda gler seg til Innflyttardagane.
Handelsforeininga i Volda, Volda kommune og JCI inviterer til Innflyttardagane 13. - 15. september. Karl Erik Rønnestad frå Volda Handelsforeining og Cindy Bentz Pedersen frå JCI Ørsta-Volda gler seg til Innflyttardagane.