Ulstein kommune meiner Helse Midt-Noreg må sjå moglegheiter og lokalsjukehusa sine framtidige potensial, og det må kome sterkare til uttrykk i tenkinga deira og i den vidare eigarstrategien. Dei stiller seg kritiske til dei negative kommentarane frå sekretariatet i Helse Midt-Noreg og meiner desse representerer ei ytterlegare sterk sentralisering av helsetenestetilbod og beredskapen. Eigarstrategi er eit omgrep Helseføretaka nyttar for å skildre organiseringa og utføringa av nærare definerte oppgåver. I fjor vart det sett ned fem faggrupper som har levert kvar sin sluttrapport. Til kvar sluttrapport har sekretariatet i Helse Midt-Noreg gjeve si oppsummering og vurdering. Dette er det kommunane no kjem med innspel til. Ulstein kommune støttar organiseringa faggruppa legg opp til når det gjeld akuttkirurgisk/ortopedisk tilbod. Dei legg opp til at det skal vere akuttkirurgisk beredskap ved alle lokalsjukehusa. Men dei meiner det fagleg sett vil vere mogleg å redusere akuttberedskapen i ortopedi på kveld/natt ved eit av sjukehusa i kvart føretak. Vidare bør det vere eitt sjukehus i kvart helseføretak som har døgnberedskap i både generell kirurgi og ortopedi, for å kunne ta i mot større skadar. I staden for å avvikle kirurgiske tilbod på lokalsjukehusa, vil ha auka bruk av kirurgi lokalt. Kommunen meiner det biletdiagnostiske tilbodet er viktig. På same vis som for kirurgi, meiner kommunen det bør greiast ut eit auka tilbod om biletdiagnostikk ved lokalsjukehusa. Ulstein kommune støttar framlegget frå faggruppa om å oppretthalde tilbodet til ekstremt tidleg fødde ved Ålesund Sjukehus. Dei argumenterer med at ei sentralisering av tilbodet vil svekkje det samla intensivtilbodet Barneavdelinga i Ålesund kan gje òg til andre sjuke nyfødde barn. Om tilbodet sentraliserast til St. Olavs Hospital i Trondheim vil det òg føre til auka reiseavstand og fråvere frå familiane på Sunnmøre.