Fylkeskulturutvalet var onsdag samla til styremøte ved Ishavsmuseet Aarvak i Brandal. Med i delegasjonen var mellom andre museumsdirektør Ivar Gunnar Braathen ved Sunnmøre Museum, kulturdirektør Arvid Blindheim og fylkeskonservator Jan Petter Ringstad. Det same var både styrar Webjørn Landmark og styreleiar Ottar Håkonsholm ved Ishavsmuseet Aarvak. Ishavsmuseet Aarvak ligg under Sunnmøre Museum, og kulturdirektøren hadde kome med forslag om å skyve ein del av støtta til museet over til 2008. Blant anna midlar til eit felles magasin for musea, og 700.000 kroner til vernebygg over Aarvak. Fylket har lova å løyve totalt 1,3 millionar kroner til vernebygg over Aarvak. Før styremøtet tok til gjorde både Braathen og Håkonsholm det klart at dette var eit forslag som dei likte dårleg. Begge var letta då fylkeskulturutvalet vedtok at både Aarvak, magasinet ved Sunnmøre Museum og Mellomverket i Kristiansund skal få dei løyvingane dei alt har fått tilsegn om i år. Taparen vart altså eit nytt filmprosjekt ved Høgskulen i Volda. Prosjektet får ikkje tildelt dei 750.000 kronene som dei hadde fått tilsagn om i år. Museumsdirektør Ivar Gunnar Braathen, som har 11 museum under paraplyen sin, sa før styremøtet at det er viktig at musea får fullføre dei prosjekta som alt er godt i gang. Han nytta også sjansen til å peike på at etter hans meining har ikkje staten vore villige nok til å auke løyvingane etter at musea vart slått saman.

Byggjestart om 2-3 månader

15. mars er fristen for å levere inn anbod på vernebygg over Aarvak. Håkonsholm opplyser at så langt han veit er det to interessentar, og håpet hans er at dei held seg innanfor ei ramme på 10 millionar kroner. Går alt som han ønskjer blir det oppstart om 2-3 månader. Fylkeskulturutvalet fekk også vite at steg nummer to for Ishavsmuseet Aarvak blir å setje Aarvak i stand att. Fartøyvernsenteret i Hardanger har laga ein tilstandsrapport over skuta. Og dei konkluderer med at ho ikkje er i så mykje dårlegare stand no enn for ti år sidan, då dei også laga ein tilstandsrapport. Fartøyvernsenteret har stipulert dei naudsynte utbetringane på Aarvak til å kome på om lag 5 millionar kroner. Og innsanking av desse midlane blir steg nummer to for ishavsmuseet.

Begeistra over Ishavsmuseet

Fleire representantar for fylkeskulturutvalet, med leiar Frøydis Austigard i spissen, uttrykte begeistring for Ishavsmuseet. At Håkonsholm kunne fortelje at museet er mykje brukt av næringslivet, at alle skuleborn i regionen skal innom i løpet av grunnskulen, og at dei har eit tett samarbeid med Hareid Hotell, vekte også begeistring i utvalet. Også museumsdirektør Ivar Gunnar Braathen er glad for framgangen ved museet i Brandal. Ishavsmuseet Aarvak er verkeleg noko å kjempe for. Det synberr ein del av historia til kystfolket som er heilt spesiell. Av og til får eg inntrykk av at norsk historie er skriven med ryggen mot havet. Berre sjå på alle musea i innlandet. Her i Brandal har vi noko som det ikkje finst maken til, kommenterer Braathen. Han opplyser at det no blir jobba med å danne eit Fiskerinettverk, der sekretariatet skal ligge under Sunnmøre Museum. Ishavsmuseet Aarvak blir ein del fiskerinettverket.

Kulturdirektør Arvid Blindheim (t.v.) og Ivar Gunnar Braathen var usamde i forslaget om å skyve noko museumsmidlane over til 2008. Men Braathen fekk det som han ville.