Måndag fekk Vikebladet Vestposten tips om at fjøra ved Sauneset var full av flytande og tranluktande feitt. Det syner seg at omfanget av oljesølet er noko større enn det vi meldte tidlegare i veka.

Fleire innbyggjarar langs Strandabøfjøra har vendt seg til lokalavisa i denne saka og har sendt oss både foto og video av situasjonen. Dei fryktar no for at det skal verte uråd å nytte fjøra til rekreasjonsformål i sommar.

– Frå Vikholmen til Hasund mek.

– Feittet er observert langs fjøra frå Vikholmen og heilt inn til Hasund mek, seier kommunalsjef Arne Runar Vik ved teknisk etat.

Han fortel at dei ikkje har funne ut eksakt kva feittlaget består av eller kvar det skriv seg i frå.

– Det er ikkje snakk om petroleumsfeitt, det er eitt eller anna slags animalsk produkt, moglegvis fiskefeitt, seier Vik. Det er sendt inn prøver av feittet, men det er ikkje venta å få svar på analysene før om fleire veker.

Arne Runar Vik fortel at kommune har vore i kontakt med representantar ved både Ulstein Verft og Green Yard Kleven, men at det frå dette haldet vert avvist at feittet stammar frå nokon av deira aktivitetar eller frå båtar som oppheld seg ved verfta.

Han fortel vidare at kommunen har verken utstyr eller andre tiltak å setje inn for å få fjerna feittlaget.

– Feittet er organisk og vil etterkvart bli brote ned. Vi har inga formeining om kor lang tid dette vil ta, det er avhengig av vind, bølgjer og straumtilhøve, seier Vik.