Under kommunestyremøtet onsdag purra Dag Snipsøyr om saka i eit spørsmål til ordføraren. Ordninga “Open talarstol” vart fremja av Folkelista. Det er ei ordning som opnar for at andre enn kommunestyremedlemer kan få taletid i kommunestyret - innafor visse rammer. - Eg hadde venta at dette vart annonsert skikkeleg, slik at innbyggarane fekk kjennskap til ordninga, sa Snipsøyr, som ikkje kunne sjå at ordninga hadde vore nemnt på annan måte enn i eit intervju med ordføraren i lokalavisa. - Det er for dårleg, meinte Snipsøyr. Ordførar Hans Gisle Holstad (AP) sa at ordninga var formidla til servicetorget - og han trudde også at ho låg ute på kommunen si heimeside. Snipsøyr takka for svaret. Men etter å ha prøvt å leite fram opplysningar om ordninga på kommunen si heime, meiner han at ho er altfor bortgøymt og kronglete å finne fram til. Han meiner derfor at ordninga må få ein betre og meir framtredande plass.
Nyhende →
- For dårleg kunngjort “Open talarstol”
Folkelista i Hareid er ikkje fornøgd med kommunen si kunngjering av ordninga “Open talarstol”.