Ørstaterminalen blir i desse dagar ein såkalla ISPS-terminal. Det betyr at dei kan ta imot turistskip. Leiv Arne Grimstad Møre-Nytt fortel at terminalen kan ha turistskip på inntil 250 meter til kai. Ørsta-terminalen er med dette den einaste sunnmørske rutetrafikk-kaia sør for Ålesund med ISPS-godkjenning. (Hareid-terminalen har også ISPS-godkjenning, men har for tida ikkje rutetrafikk). Dagleg leiar Oddmund Ose fotel at terminalen i Ørsta har fått nye kundar frå Ytre Søre etter at Eiksundsambandet kom. Tryggleiksgodkjenninga inneber at Ørstaterminalen har vorte inngjerda og at det heretter vert stilt svært strenge krav til dokumentasjon for det godset som skal sendast.
Nyhende →