Dersom du leverer inn kartongar til attvinning, og skriv namn og telefonnummer på kartongkubbane, er du med i Returkartonglotteriet. Alle kan vere med og vinne i lotteriet, privatpersonar, organisasjonar, barnehagar og idrettslag. Kvart år vert det delt ut premiar for til saman 2 millionar kroner. Dei er fordelt på 160 premiar à kroner 10 .00, og fire premiar à kroner 100.000. Seks tomme og skylde drikkekartongar skal brettast ned i ein open drikkekartong. Dette utgjer ein "kubbe". Kubbar vert trekt på 74 ulike sorteringsanlegg, spreidde over heile landet. Her vert det trekt mellom 1 og 7 kubbar avhengig av innbyggjartal, til saman maks 170 kvart kvartal. Desse kubbane går vidare til nasjonal trek-ning. Vann 10 000 kroner Familien Pieroth frå Ulsteinvik vart ein av dei heldige vinnarane. – Vi brettar kartongar heile tida, fortel David Pieroth (5). – Veit du kor mange pengar du har vunne? – Ehh ... 1000, seier David. Mamma Gunn Marthe Veddegjerde Pieroth korrigerer: – Vi har vunne 10 000 kroner, seier ho. I går var dei på reinhaldsverket i Ulsteinvik for å hente premien. – Pengane kjem godt med no når det nærmar seg jul og ein har fire barn i huset. Nokre av pengane vil eg kanskje bruke til eit kurs i biologisk terrengmedisin som eg har ønska å ta, seier Gunn Marthe.

David Pieroth (5) får lyst til å brette fleire mjølkekartongar når han ser at det lønner seg.