Politiet fekk fredag melding om at ein lastebil tysdag 27. februar ca. klokka 10.45 hadde køyrt sentrisk gjennom Aurvågtunnelen. Resultatet av midtkøyringa var at to møtande bilar måtte svinge bilane heilt ut i vegbanen, med det til følgje at karosseriet på begge bilane vart skadd. Det kom bilar rett bak som var vitne til hendinga, og politiet oppmodar desse om å ta kontakt.

Tjuveri frå bil i Brandalsstranda

Natt til fredag har det vore innbrot i ein bil som stod parkert på anlegget til Franzefoss i Brandalsstranda. Tjuvane har rappa med seg ein CD-spelar og eit par nøklar.