Saka skal til handsaming i Hareid formannskap komande torsdag, 28. januar, og administrasjonen i kommunen stiller seg positive til planane. Dei meiner planløysingane som blir fremja vil kunne vere eit godt grunnlag for å skape vekst og utvikling for verksemdene som vil satse. Rådet deira er at planforslaget med tilhøyrande føresegner, planomtale og illustrasjonsskisser blir lagt ut til 1. gongs offentleg ettersyn, med ein høyringsfrist på 6 veker. Alt i januar 2009 hadde Sporstøl Arkitekter og utbyggjarane møte med Hareid kommune for å drøfte utviklinga av industriområdet på Raffelneset. På dette møtet vart det lagt fram planskisser for ei felles utvikling av området, med sikte på å tilretteleggje for etablering av maritim baseaktivitet og industri. Utfylling i sjøen, ny kaifront og utretting av elveløpet/osen i Hareidselva var blant tiltaka som vart drøfta. Tiltaka var av ein slik karakter at planendringa burde skje gjennom ein ny reguleringsplan, og Hareid formannskap gjorde i februar i fjor vedtak om at planarbeidet kunne starte opp. PLANOMRÅDE PÅ 97,4 DEKAR Den nye reguleringsplanen har fått nemninga "Mylna Industriområde" - og varselet om oppstart vart i mars 2009 sendt ut til grunneigarar, naboar, organisasjonar/interessegrupper og offentlege institusjonar. Representantar frå kommunen, Møre og Romsdal fylke og Norges vassdrags- og elektrisitetsvesen har også vore på synfaring i området. Planområdet utgjer eit areal på ca. 97,4 dekar, inkludert sjøarealet, og omfattar begge sider av utløpsosen i Hareidselva. Planforslaget som no ligg føre er i tråd med prinsipp nedfelt i kommuneplanen og gjeldande regulering for området. INNSPEL OM STØY Blant innspela som er komne inn er merknader frå naboane Erling Morten Hareide og Nina Hasfjord. Dei meiner kommunen ikkje har vurdert konsekvensane av støy. At det i området vil bli støy til alle døgnets tider, med påfølgjande økonomiske tap for huseigarane på indre Hareid. Dei meiner kommunen heller ikkje har vurdert korleis kaiutbygginga av endringa av elveosen vil påvirke laksen i Hareidselva. - ER ALT REGULERT TIL INDUSTRI Sporstøl Arkitekter kommenterer desse innvendingane med at i tidlegare godkjende reguleringsplanar for området er dette området planlagt for næringsverksemd. I planframlegget deira er ikkje dette endra. Det er også lagt inn avgjerder med omsyn til støy. INNSPEL OM ELVA/ELVEOSEN Hareid Elveeigarlag ved Ottar Arne Hareide og Terje Kaldhol har også kome med innspel på planen. Etter nøye vurdering har Elveeigarlaget kome fram til at dei kan akseptere av elveløpet blir retta opp, slik det er lagt opp til på plankartet. Men dei understrekar at føresetnaden for velviljen er at desse merknadene vert tatt til følgje: – Det må opprettast friareal med fri ferdsel på begge sider av elva/elveosen. – Det må ikkje byggjast bygg eller kaianlegg over elva/elveosen. – Eventuell bru over elva/elveosen må gjerast smalast råd. GRØN KORRIDOR PÅ BEGGE SIDER AV ELVA Sporstøl Arkitekter kommenterer innspela frå Hareid Eleveeigarlag med å opplyse at det er planlagt areal for kombinert grønstruktur på begge sider av elva. Dette sikrar at areala blir opne for ålmenta. Elveosen vert i nordleg del av desse areala. Sambandet med bru mellom areala blir viktig for å få felles bruk av kaianlegget. Fyllingsfrontar i sjøkanalen skal plastrast med lagd stein slik det er gjort i Hareid han ved skyssbåt- og ferjekaia. - FLYTTING AV ELVELEIET MÅ DRØFTAST MED NVE Møre og Romsdal fylke slår fast i innspelet sitt at området for det meste allereie er regulert, dels også utbygd til industri. Fylket er samd i at det bør haldast oppe ein grøn korridor med kantvegetasjon langs elva. Utover dette har dei ikkje vesentlege merknader, men legg til: - Vi gjer merksam på at flytting av elveleiet også må drøftast med NVE.
Nyhende →
Mylna industriområde skal ut til offentleg ettersyn
Sporstøl Arkitekter har på oppdrag frå Hareid Elektriske og Ulstein Marine Technology laga forslag til privat reguleringsplan for Mylna industriområde på indre Hareid. Ei kai med tilflot på minimum 8 meter og flytting av elveosen er blant tiltaka i planane.