TSMarine i Aberdeen i Skottland og Marin Teknikk i Tjørvåg har gjort avtale om at Marin Teknikk skal levere design og detalj-engineering til to nye skip. Skipa har ein verdi på tilsaman 1,6 millionar kroner og skal operere over heile verda, melder Sunnmørsposten. TSMarine er eit ungt selskap som vart etablert i 2004 og som for øeblikket chartrar inn alle skip som dei nyttar for å utføre den aukande mengda oppdrag åp havbotnen. To skip frå Herøy og Fosnavåg skal inn på charter til TSMarine i løpet av våren 2007. Det er "Havila Harmony" og eit nybygg som er under arbeid på Kleven Verft til Rem Offshore. Begge desse er av MT-design og er innleigde for ein femårsperiode.