Det knyter seg stor spaning til utfallet av synfaringa og møtet neste veke. For å vere best mogleg budde og for å informere partane hadde Ulstein formannskap møte med representantar frå Saunes Grendelag, Saunes Småbåt, Ulsteinvik Utvikling AS, Hatløy, Fiskarlaget og fleire. Med formannskapet og kommuneadministrasjonen var det 23 stykke som benka seg rundt bordet. Ordførar Hannelore Måseide (Ap) ønskte partane velkomne. Ho orienterte om at møtet neste veke er departementa sitt møte, ikkje kommunen sitt. Det er Miljøverndepartementet som styrer møtet. Såleis er det ikkje kommunen som avgjer kven som skal få ordet på møtet, men rådmannen kan melde inn ønskje om kven dei vil ha der. Møtet byrjar klokka kvart på tolv på rådhuset med ein matbit. Under måltidet får Ulstein kommune høve til å orientere om kommunen. Halv eitt skal partane få informasjon om planen og utveksle synspunkt innandørs, før dei avsluttar med ei synfaring. Måseide orienterte om at det i planen er lagt opp til eit møte innandørs på 15-20 minutt. Det seier seg sjølv at ikkje alle kan få sleppe til på så kort tid til rådvelde, men dei kunne plukke ut nokre representantar som kan halde innlegg på tre minutt. Ein kan få sagt mykje på tre minutt om ein førebur seg, meinte ordføraren.
17. mai-tog
Rådmann Hans Jakob Sandanger presiserte at synfaringa er open for alle. Synfaringa er sett opp frå halv to til halv fire. Så lenge det ikkje blir noko 17. mai-tog, la han til. Men ordførar Måseide meinte det var ein fordel at flest mogleg møtte opp for å vise interesse for saka. Uavhengig om dei fekk ordet eller ikkje inne på møtet. Alle som møtte på formøtet er nøgde med reguleringsplanen som ligg til grunn. Det er viktig for partane å få fram at dei er samde om denne planen lokalt. Det vart ikkje plukka ut kven som skal få ordet på møtet. Men det vart sagt at ein representant for fiskarane burde få ordet, sidan det er fiskeriinteressene Kystverket har hengt seg opp i og er uroa for. Elles vart det ytra ønskje om at nokon som stod bak reguleringsplanen kunne få sleppe til å seie noko overordna om vyane i planen. Det er no klart at Ulsteinvik Utvikling, Jan Einar Saunes frå Hugin, Fiskarlaget og Ståle Hatløy frå Hatløy AS skal få delta på møte innandørs med partane. Rådmannen kan opplyse om av møteramma der dei får delta er noko utvida. Delar av møtet blir lukka for pressa og andre interesserte. Men synfaringa blir open for alle. Synfaringa blir klokka kvart over to.