Alarmen starta ulinga klokka 13.08, og med fulle sirener og skotsikre vestar sette politiet kursen mot Hareid Apotek. Framkomne vart det raskt avklart at ransalarmen var utløyst med eit mistak. Men folk som såg tildraginga fekk seg ein alvorleg støkk. Lensmann Odd Kulø meiner tilliten til alarmane begynner å bli svekka. Politiet er sjølvsagt nøydde til å ta slike meldingar på alvor, men hittil har det i 100 prosent av tilfella vore falsk alarm.