Fredag heiste ungdomsskulerektor Randi Ertesvåg flagget til topps for å feire at ungdomsskulen no får nytt bygg. Ein del lærarar og elevar undra på kven som hadde bursdag, men etter kvart spreidde rykta seg om kvifor dei flagga. Stemninga på lærarrommet var god. Og då oppvekstsjef Leif Ringstad kom med marsipankake til dei, strålte lærarane. Ertesvåg tok ordet og fortalde om at ulsteinpolitikarane kvelden før gav klarsignal til å byggje ein ny skule til 160 millionar. Det synest ho var ei fin avslutning før påskeferien. Rektoren var glad for at kommunestyret var samde i denne saka. Sjølv om alle hadde vore positive til bygging av skulen, hadde ho likevel vore spent kvelden før. Gleda var stor då ho fekk tekstmelding frå oppvekstsjefen om at no var skulen i boks. No blir det ny skule og det trengst. Dette blir eit løft for heile kommunen, smilte Ertesvåg og trur at det blir lettare å rekruttere gode lærarar til ungdomsskulen når den nye skulen står ferdig.

Nøgd oppvekstsjef

Oppvekstsjefen smilte frå øyre til øyre då han heldt ein liten tale for ungdomsskulelærarane. Han takka personalet for den flotte jobben dei har lagt ned for forprosjektet til skulen. Ringstad innrømte at om han i 2004 hadde visst at skulen ville koste 160 millionar, ville han nok gjeve seg på det. Han var veldig nøgd med vedtaket i kommunestyret, men det var eit skår i gleda at skulen ikkje kan stå ferdig til skulestart i år, som planen var opphavleg. No vil skulen mest truleg stå ferdig til nyttår 2009. Alt frå interiør til eksteriør er skreddarsydd for ungdomen i Ulstein. Dette blir den flottaste skulen i mils omkrins, lovde Ringstad. Alle lærarene klappa i hendene. Etterpå spratt fleire av lærarane fram og takka oppvekstsjefen i handa for innsatsen han har lagt ned for ny skule.

Turbulens før landing

Rådmann Hans Jakob Sandanger innleia ordskiftet i kommunestyret med å seie at dei no er i ferd med å lande i denne saka. Som kjend kan det vere litt turbulens før ein landar, varsla han. Sidan kommuneadminsitrasjonen hadde sendt ut sakpapira til møtet om at skulen kom til å koste 150 millionar, hadde dei rekna vidare og kome fram til at prisen raskt kan bli opp i mot 160 millionar kroner. Sjølv om det var full semje på kommunestyremøtet om at det er viktig å byggje ny ungdomsskule, vart det eit langt ordskifte der mange ville ha ordet. Alle var samde om at 160 millionar er mykje pengar, men dei meinte det var det han ville koste. Ingen ville fire på standarden for å spare pengar. Varaordførar Olav Sæter (KrF) sa at i mange tilfelle er det slik at ein bestemmer seg for ein pengesum, så byggjer ein ut i frå det. I dette tilfellet hadde Ulstein kommune gjort motsett. Det var tverrpolitisk semje om at kommunen skulle få ein ny og god ungdomsskule, så fekk skulen koste som han gjorde. Ein kan mislike prisen, men det var ikkje anna å gjere enn å godta han. Alternativet var å ikkje byggje, og det var ikkje noko godt alternativ, meinte Sæter. Eli Skaatun (V) innrømte at prisen svei litt, utan at det førte til at ho ville gå i mot vedtaket. Men ho sakna utgreiingar om kva konsekvensar prisauken vil få for økonomien til kommunen. Håkon Waage (H) kritiserte måten denne saka hadde vore handsama på. Han meinte kommunen ikkje burda ha som vane å doble prisen på utbyggingar. Kommunen har mange gode føremål å bruke pengar på, ikkje berre skule. Høgremannen stilte ein del spørsmål om kva summar som var brutto moms og netto moms. På vegner at Ulstein Høgre reiste han framlegg om at kommunestyret vedtok utbygging av Ulstein ungdomsskule innanfor ei brutto kostnadsramme på 160 millionar kroner. Dette fekk han gjennomslag for. Justering av kostnadsramma skal takast opp i samband med godkjenninga av budsjett for 2008. Auka kostnader til husleige blir å innarbeide i budsjettet for 2008 og økonomiplanen til kommunen for komande periode.