Debatten om endring av skulestruktur i Hareid vart både lang og heit i formannskapet onsdag kveld. Hovudutval for oppvekst og kultur hadde dagen før gått inn for tilrådinga frå rådmann Aschehoug om å leggje ned 1.-4 klasse i Brandal. Eit vedtak som er i tråd med vedtaket som vart gjort under budsjetthandsaminga i kommunestyret i desember, og som også Frp. då var med på. Men Oskar Grimstad og Perny Ann Nilsen frå Frp. hadde til formannskapsmøtet onsdag fått med seg Venstre-representant Greta Kirkebø på eit forslag om å gå inn for eit ppvekstsenter i Brandal, med 1.-4- klasse, pluss Skulefritidsordning. Willy Nesset meinte forslaget var kontroversielt, all den tid fylkesmannen hadde varsla at det måtte ei strukturendring til før han kunne godkjenne budsjettet til Hareid kommune. Då vil eg vere like kontroversiell og lansere eit forslag om å behalde 1.-7. klasse i Brandal i kommunal regi. Kanskje eg kjem til å trekkje det, men eg vil først ha klare tal frå rådmannen om kva kommunen eigentleg sparer på å leggje ned heile Brandal skule, varsla Nesset. Debatten bølga lenge att og fram. Ordførar Gunn Berit Gjerde minte om møtet med fylkesmannen, der også Oskar Grimstad var til stades, og der det klart vart varsla at fylkesmannen venta seg varige strukturendringar i Hareid. Det enda med at rådmann Aschehoug og oppvekstsjef Hans Gisle Holstad vart sendt på kontoret for å rekne ut tydelege innsparingstal til formannskapet. Tala dei kom tilbake med var at heilårsverknaden av å leggje ned 1.-4. klasse blir på om lag 1,1 millionar kroner, dersom det blir stifta privatskule i Brandal. Skilnaden på å oppretthalde 1.-7. klasse er på berre 400.000 kroner. Rådmannen understreka at tala ikkje var nøyaktige. Deretter var det klart for røysting. Først vart det stemt for Willy Nesset sitt forslag om å behalde 1.-7. klasse i Brandal. Forslaget fekk to røyster (Greta Kirkebø hang seg på). Med berre to røyster gjekk turen vidare til å stemme for Frp.-forslaget. Spenninga var stor om Nesset ville røyste saman med dei. Men nei. Han rekte ikkje opp handa. Dermed fekk forslaget berre tre røyster og fall mot vedtaket til HOK om å leggje ned 1.-4- klasse i Brandal. Men spenninga held fram. 28. mars skal saka til endeleg handsaming i kommunestyret. Les meir i papirutgåva laurdag.