Det aktuelle området grensar til hyttefeltet i Engeskaret - og betyr ei utviding av hyttesonen nordover langs fjorden. I søknaden heiter det at Haven Prosjekt ønskjer å utvikle eit heilskapeleg felt over ein periode på 10-15 år. Saka kjem opp i Hareid formannskap i dag torsdag.

Eiga sak om framtidig bruk av området

Rådmannen foreslår å avslå søknaden, men opnar samtidig for at det blir utarbeidt ei eiga sak der kommunen tek stilling til den framtidige bruken av området. Det er altså Hareid kommune som eig området, som er på i alt 82 dekar. Ein mindre del av området - 13 dekar - er alt lagt ut til framtidige fritidsbustader - og representerer ei utviding av Engeskar-feltet og kan truleg gi plass til 10 fritidsbustader. Resten av området, ca 69 dekar, har LNF-status - det vil seie at det er eit "landbruks-, natur- og friluftsområde". Rådmannen peiker på at hyttebygging på det LFN-definerte området er i strid med kommuneplanen og må i så fall klarerast gjennom ei heilskapeleg rullering av denne.

13-dekarsområdet

Når det gjeld 13-dekarsområdet skriv rådmannen at ei utvikling av området i kommunal regi vil føre til at ein kan selje tomtene til nærast sjølvkost - og på den måten få prisar på meir akseptabelt nivå for fleire tomteinteressentar enn om ein skulle la ein privat aktør stå føre tomtesalet og dermed la marknaden bestemme prisen. Men her legg rådmannen til at det heller ikkje er noko i vegen for at også kommunen kan gjennomføre tomtesalet til marknadspris. I så fall ser han for seg at kommunen koplar inn eit eigedomsmeklarfirma. Rådmannen er også inne på alternative måtar å realisere hytteområdet på. Skal kommunen utvikle området i eigen regi, vil det truleg vere fornuftig at kommunen hentar inn ekstern hjelp til å regulere og selje tomtene, medan tomtekjøparane sjølve ordnar med dei tekniske anlegga. Skulle kommunen velje å selje til privat utbyggar, må ein la denne utbyggaren stå for reguleringa. Til slutt meiner rådmannen at dersom kommunen skal selje det aktuelle arealet, så må det basere seg på ei offentleg utlysing slik at alle og ein kvar har høve til å fremje pristilbod.