Lillian Flø søkte i fjor om å få rive løa. Men då fekk ho melding om å prøve å setje i stand løa i staden. I vinter tok Union Hotell Geiranger kontakt med Lillian Flø. Dei var interesserte i å ta med seg løa til Geiranger og byggje ho opp der. Flø har difor søkt Ulstein kommune om løyve til å flytte løa. Saka vart lagt fram for teknisk utval med negativ innstilling. Men Eldar Stein Flø (V), Lidbjørn Vattøy (KrF), Gerd Fjellanger (Ap) og Olav Hansen (Ap) leverte fellesframlegg som vart vedteke med fire mot ei røyst. Teknisk utval syner til at bygningar òg før i tida vart flytta til andre bygder og andre miljø. Utvalet godkjenner difor søknaden om flytting av løa til Geiranger. Dei syner vidare til at sidan dei var på synfaring til løa 8. november i fjor har løa forfalle endå meir.

Vilkår

Teknisk utval sett som vilkår for løyvet om flyttinga at det blir dokumentert frå mottakar av løa at ho vil bli gjenoppført heilt eller delvis, og at det blir søkt om løyve til flytting med tilhøyrande dokumentasjon, noko som blir handsama administrativt i kommunen. Utvalet ønskjer at det etter nyoppføringa av løa i Geiranger blir laga til ein dokumentasjon på historia til løa og opphavleg plassering, som blir gjort synleg i den oppattførte løa.

Endeleg godkjenning

Det er fylkeskonservatoren i Møre og Romsdal som har siste ordet i saka. Han har til no meinte at løa har størst verdi der ho står.