Den nye gymnastikkhallen ved Hjørungavåg skule vart teken i bruk i 1986. Alt då visste ein at bygget ikkje var stort nok til å stette det rombehovet ein hadde for ulike arrangement. - Det vil Folkelista gjere noko med, seier Overå. - Vi er leie av at folk må stå langs veggene under tilstellingar og at dei må gå heim t.d. under 17.-maifeiringa. Ja, det er faktisk slik at enkelte ikkje møter opp, fordi dei veit at det er for lite plass. - Skulle dei økonomiske tilhøva i neste valperiode gi rom for å utvide gymbygget, så vil Folkelista arbeide for det. Vi snakkar om å få ein gymhall i ei bygd som er i jamn vekst. Vi treng eit lokale der alle kan sleppe inn, seier Overå.