No er det berre kommunal omregulering av området som står att, før arbeidet med å bygge barnehagen kan ta til.

Fornøgd

Austnes meiner det er ei svært bra tomt ho har fått kjøpt. Den ligg rett ved sida av Ulstein skule, og berre om lag 100 meter frå sjøkanten. Tidlegare har det vore ei grushole på området, så det trengst ikkje så mykje grunnarbeid før tomta er byggeklar. Sidan tomta har hatt mykje gravearbeid frå før, risikerer vi ikkje å møte på arkeologiske funn heller, spøkar Austnes. Ho håpar den nye barnehagen skal stå ferdig til opning hausten 2008. Det er best å opne om hausten, både av omsyn til foreldra og ungane, forklarar ho.

Vakker natur

Austnes er entusiastisk over plasseringa til tomta, ho meiner det vert spennande å drive ein barnehage nær fjøra. Sætra barnehage og Råsa barnehage ligg begge på fjellet, med til dels kronglete tilkomst. Ho gler seg over å kunne lære ungane meir om kystkulturen, og fortel at ho har gått til innkjøp av ein båt som dei skal nytte i sommarhalvåret. I tillegg har barnehagane hennar ein minibuss som dei nyttar til utflukter. Det skal altså ikkje bli noko problem om ungane i den nye barnehagen har lyst å ta seg ein tur på fjellet, og omvendt.

Dyktige tilsette

Nokre tilsette frå Sætra barnehage blir med hit til den nye barnehagen, forklarar Austnes. I tillegg skal styraren i Råsa barnehage, Lena Løset, gå over og bli styrar ved barnehagen på Ulstein. Austnes legg vekt på at det er viktig å ha nokon som kan å drive barnehage, når ho no satsar på nye område. Men minst like viktig er det at Løset er ei stor inspirasjonskjelde for meg, ho har eit brennande engasjement og er ei dyktig dame, rosar Austnes. Ho har fått signal om at det er om lag 50 barn som soknar til den nye barnehagen sitt område, men ho legg til at det er høve for foreldra å velje barnehage kvar dei vil. Ho trur mange foreldre vel barnehage ut frå tilbod og omdømme i dei ulike barnehagane, like ofte som at dei prioriterer den som ligg nærast. Austnes peikar på at det er ikkje lenger frå Ulsteinvik sentrum til den nye barnehagen på Ulstein enn kva det er opp til Sætra barnehage til dømes. Ho fortel at ho har hatt barn heilt frå Dimna i dei to barnehagane ho driv i Ulsteinvik no. Barnehagedrivaren har tru på at folk likar den flotte naturen i omgjevnadene og opplegget ved hennar barnehagar, og meiner at stor valfridom for foreldra er bra.

Passeleg stor

Den nye barnehagen skal ha om lag 40 plassar. Det er ingen spesielt stor barnehage, seier Austnes. Ho har tru på at dette er passeleg storleik, og at det vil gi betre "teamfølelse" blant dei tilsette. Barnehagen vil ha ei opa romløysing, med ulike baser. Eg tek med meg erfaringar frå mine to andre barnehagar, og utbetrar ting eg har sett ikkje fungerer. Slik skal den nye barnehagen bli best mogleg, forklarar ho. Eg vil til dømes bygge slik at eg har større moglegheit til å dele opp huset i fleire små rom ved behov, seier Austnes. Ho var opphavleg ikkje ute etter å starte ein ny barnehage no, men etter førespurnad frå folk i grenda Ulstein bestemte ho seg for å satse. Det var spennande å få ein slik førespurnad, smiler ho. No skal ho nytte tida i omreguleringsprosessen godt til å planlegge nøyaktig korleis den nye barnehagen skal sjå ut.

Perny Austnes på tomta der ho tenkjer å bygge ein ny barnehage i grenda Ulstein. Næraste nabo er Ulstein skule.