Statens vegvesen gjennomførde i dag (måndag) ein landsomfattande bilbeltekontroll. Konsulent Anne Rita Klock opplyser at dei i Hareid tok oppstilling i busslomma langs riksvegen, like ved innkøyringa til Hareid ungdomsskule. 145 bilar vart kontrollerte, og av desse var 10 personar som sat i bilane utan tryggingssele. I Ulsteinvik var kontrollposten i ei busslomme ved fylkesvegen, like ved innkøyringa til Ulstein sjukeheim. Av dei 228 observerte bilane var det 19 som sat utan bilbelte. Resultatet er i samsvar med statistikken. Men vi hadde eit håp om at det skulle bli færre. Både fordi Statens vegvesen på førehand hadde varsla at det måndag skulle gjennomførast ein landsdekkjande bilbelteaksjon, og fordi det er svært glatt på vegane akkurat no, forklarer Klock. Sjølv om kontrollen var i 50- og 60-soner, nyttar det ikkje å bruke som argument at farten ikkje er så stort. Ingen klarer å halde seg att når det skjer ein støyt i 50 km/t slår Klock fast. Argumentet som ein god del bilistar brukar om at dei skulle berre ein kort tur, køyrer nokre få meter, prellar også av på kontrollørane til Statens vegvesen. Sjølv den kortaste tur kan bli for lang. I slike tilfelle er det ingen nåde å få. Det er her og no som gjeld, forklarer Klock. Ho vedgår at kontrollørane av og til må drage på smilebandet når dei ser bilistar som febrilsk prøver å hekte på seg bilbeltet i det dei oppdagar kontrollposten. Håpet hennar er at dei 29 personane som fekk 750 kroner i bot, har fått seg ein lærepenge, og at folk generelt legg inn som rutine å hekte på seg bilbelte før dei legg ut på biltur. Statens vegvesen er ute på vegane med ulike kontrollar 3-4 dagar i veka, og det er ikkje sikkert det er så lenge til neste gong dei gjester Hareid og Ulstein.