Jardar Flø - bestefarfar til jenta som gjekk gjennom isen på Grimstadvatnet i fjor, men som heldigvis kom frå det med skrekken - vil gjerne gi ein kommentar etter at ein mann gjekk gjennom isen tysdag kveld: - Noko må skje før det skjer ei dødsulykke, meiner han. - Og det overordna ansvaret for at det kjem i stand ei merking som stenger av frå farlege soner må ligge til administrasjonen i Hareid kommune. Men så kan sjølvsagt dei delegere til nokon i Hareid IL, skeiseklubben Verparen eller kjentfolk. Når der er skeiseis, bør nokon ha som oppgåve å setje ut kjegler med band. Det er nemleg slik at det kjem svært mange frå andre bygder for å gå på Grimstadvatnet. Desse veit ofte lite om kvar det er trygt eller farleg å gå, seier Flø.