Flinke 3.- og 4.-klassingar ved Haddal skule saman med kontaktlærar Silje Teigene Falk og driftsingeniør ved teknisk etat, Harald Øvereng. Foto: Iselin Nevstad Øvrelid

Måndag var det elevane ved Haddal skule som hadde rydding på timeplanen.

Gjennom heile førre veke og nokre dagar denne veka, gjorde skulane i Ulstein kommune slik tradisjonen tilseier, å hjelpe til med rydding før nasjonaldagen. Avdelingsingeniør ved driftsavdelinga ved teknisk etat, Harald Øvereng, har hatt ansvaret for å koordinere ryddeaksjonen. Han fortel om ein god innsats frå grendelag, foreiningar og skulane i Ulstein kommune.

– Det har vorte ein fin tradisjon at dei vil vere med å ryddinga. Noko som både skapar sosial samhald og ikkje minst reinare omgjevnader.

Det trengst absolutt å ryddast når ein ser alt folk kastar frå seg langs grøftekantane, seier Øvereng som opplyser at dei kvart år får stadig fleire som vil vere med å rydde.