Den 23. mars kjem fleire delegasjonar til Hareid for å drøfte botntilhøva i Hareid hamn. Tidlegare i vinter viste det seg at seglingsløpet no er blitt så grunt at ei ferje som var tiltenkt å gå i sambandet til Sulesund måtte droppe oppdraget. Problemstillinga er høgst aktuell også når den nye operatøren i sambandet tek til 1. januar 2008. Tide AS, som skal ha ruta, får bygt ferjer til sambandet ved Fiskerstrand Verft. Men desse ferjene - som er flatbotna - blir ikkje ferdige før eit godt stykke ute i året. I mellomtida må selskapet truleg nytte ferjer med meir djuptgåande kjølar. Hamna i Hareid har no sandryggar som ligg berre 3,5 m under sjøflata. Tikl nyttår må djupna vere minst 6 meter. - Vi aksepterer ikkje noko anna enn mudring, sa fungerande ordførar Willy Nesset til Hareid formannskap i siste møte.