Ein tur til Ertesvågfjellet og Uglesætra er ein tur litt utanfor allfarveg. Men Bjarne Røren opplyser at råsa startar ved huset til Elsa og Olav Dimmen på Dimnøya. Bjarne Røren og Olav Dimmen rydda eigenhendig den attgrodde råsa i fjor. No ligg ho under eit teppe av snø, men Røren opplyser at der er trakka ei rås i snøen også, så det skal vere enkelt å finne fram. Når det er berrt tek turen om lag 20 minutt. Vinterstida tippar Røren at folk flest brukar ca. ein halv time. Råsa går ikkje i spesielt bratt terreng, og høver godt både for småbarnsfamiliar og eldre folk. Komen opp på Uglesætra kan folk studere torvsjåa som Dimmen og Røren har restaurert. Dei starta arbeidet 2. januar i fjor, og var ferdige i mars 2009. Sidan då har 250 personar skrive seg inn i turboka. Røren fortel at torvsjåa vart sett opp ein gong etter 1862 av Olavius Skogstrand, bestefar til Johannes Strand. No har dei flott lagde steinmurane fått tak over seg, og karane har laga til sitjeplassar og bord både inne i sjåa og utanfor. – Folk må gjerne kose seg inne i skjåa, men dei må ikkje øydeleggje eller fjerne noko av inventaret, understrekar Bjarne Røren. Blant inventaret er både ei nylaga torvtrille og torvspader.
Nyhende →
Ertesvågfjellet – eit vakkert turmål
Tek du turen til Ertesvågfjellet på Dimnøya, får du både ei vakker naturoppleving og sjansen til å sjå den nyrestaurerte torvskjåa på Uglesætra.