Foto: Joar Drønnesund

Frå 1.mai skal det vere like mange bussruter på Sunnmøre som i dag, men det er føreslått endringar.

For ytre søre vil det bety at ei rute om ettermiddagen Ulsteinvik - Årvik på skulefri skal vekk.

Ei sundagsrute om kvelden Larsnes - Myrvåg - Årvik - Fiskå vert fjerna, og kapasiteten flytta til eit anna tidspunkt.

Ruta Voksa - Våge om ettermiddagen som har 0,2 reisande kvar dag, skal vekk. Ei anna rute skal berre gå skuledagane.

Ei rute Fosnavåg - Hareid - Ørsta om morgonen når det er skulefri, skal berre gå til Volda og dei få som skal til Ørsta kan ta TIMEkspressen.

Fjord1 nemner nokre ruter som alle har færre enn ein passasjer for dagen. I enkelte tilfelle er det berre ti dagar mellom kvar reisande.

Dette skriv Sunnmørsposten på sine heimesider.