Under formannskapsmøtet i Hareid torsdag 14. januar orienterte planleggjar Signe Kanstad om arbeidet med å få lage eit overordna vegnett i Kommuneplanen. Tre tilbydarar har søkt på jobben, og valet fall på Norplan, som hadde det rimelegaste tilbodet. I tillegg til å vurdere ny trasé for riksveg 61 gjennom Hareidsdalen, skal Norplan også kome med to forslag til linjeføring for undersjøisk tunnel i samband med Hareid fastlandssamband. Dei skal også ta opp til vurdering nettet av gang- og sykkelvegar. Det har kome innspel om byggjefelt på Rise, byggjefelt i Hjørungavåg og utviding av byggefeltet i Bigset Vest. Norplan skal også foreslå vegføring i desse felta. Målet er planarbeidet skal vere ferdig til 1. oktober. Men før den tid skal både Fylket og formannskapet/planutvalet få høve til å kome med innspel.