Politiet har denne helga fått mange meldingar om fyll og bråk på Ytre Søre. Foto: Anne Gry Eilertsen

Rundt klokka 20.00 fekk politiet fleire meldingar om den same saka: ein mann stod og reparerte/skifta dekk på bilen sin på fylkesvegen i Hjørungavåg. Tipsarane frykta at plasseringa av bilen kunne vere farleg for andre trafikantar. Nokre hadde stoppa og åtvara mannen, men då vart han aggressiv. Då politiet kom til staden var både mannen og bilen borte, men dei kjenner namnet på han. Klokka 23.45 kom det melding om vel høglydt festing i Geilane på Hareid. Nokre ungdomar hadde rigga til to campingvogner som festlokale i byggjefeltet. Dei fekk ordre av politiet om å pakke saman og kome seg der ifrå. Då politiet tok ei ny runde klokka 01.00 var der stille og roleg. Klokka 02.55 fekk politiet varsel om at ein bil stod parkert i rundkøyringa på Hareid. Men då politiet kom fram var bilen flytta til parkeringsplassen på ferjekaia. I løpet av natta var patruljen også på leit etter ein bilførar som var mistenkt for å køyre med promille på strekninga Hjørungavåg-Hareid, men dei fann han ikkje.