Pengane skal mellom anna brukast til tiltak for å letta overgangen mellom ungdomsskulen og vidaregåande skule, til etterutdanning for lærarar på ungdomsskulen og til betre yrkesrettleiing.

Lærlingar er òg ei prioritert målgruppe. Mellom anna blir det løyvd 10 millionar kroner til lærlingar med spesielle behov. Også elevar i vidaregåande skule med svake grunnleggjande evne skal få betre oppfølging.

Regjeringa foreslår dessutan å vidareføra den mellombelse ordninga med tilskot til lærebedrifter for skaffa fleire læreplassar. Til skotet på 195 millionar kroner er ein del av rammetilskotet til fylkeskommunane. Det er opp til fylkeskommunane korleis dei vil bruka pengane for stimulera bedriftene til å halda fram med eksisterande læreplassar og oppretta nye. (©NPK)

Ulstein Vidaregåande Skule Foto: Marius Myklebust