– Aktive kvinner og menn i Herøy og Sande kommune har samla seg til eit interimstyre og fått leigd eit fint lokale i Myrvåg, nærare bestemt på Sunnmøre Flissenter. I løpet av januar vil desse, saman med ein god gjeng andre engasjerte, sette i stand lokalet og fylle det med varer, ja, arbeidet er alt i gang, skriv Det Norges Misjonsselskap Region Møre på nettsidene sine. Gjenbruks konsulent Anne Margrete Seland har vore saman med styret og sett i gang arbeidet. Når butikken er klar for opning, vil ho kome tilbake for å ta seg av opplæringa av dei som skal stå bak disken. I all hovudsak er det pensjonistar som arbeider i butikkane. Alt arbeid er ulønna. Det har ikkje vore noko problem å få folk til å seie ja til vakter i butikken! Kjempekjekt at dette er noko som engasjerer folk! Her gjer vi fleire gode ting på ein gong: Sosial møteplass- miljøbevisst gjenbruk- samlar pengar til misjonen - informerer om Det Norske Misjonsselskap sitt arbeid, heiter det. Interimstyret er spente på om det kjem nok varer til butikken før opninga torsdag 21. januar; Men det skulle vel ikkje vere noko problem? Tysdag 12. og onsdag 13. januar vil der vere folk i butikken for å ta imot varer. Ta kontakt med Marit Kristensen el. Barbro Østrem for å avtale levering av varer på andre tidspunkt enn desse.
Nyhende →
Startar gjenbruksbutikk i Myrvåg
Det Norske Misjonsselskap har 35 butikkar rundt om i landet. Region Møre har seks slike butikkar, og har no teke utfordringa med å starte enda ein butikk, denne gongen i Myrvåg.