Teknisk sjef Elling Indresøvde tilrådde teknisk utval å setje nokre vilkår for gjennomføringa av kunstgrasbane på Hasundgot Stadion, men ville ikkje utsetje saka. (arkivfoto) Foto: Anne Gry Eilertsen

I tysdagens papiravis av Vikebladet Vestposten har Ulstein Unge Høgre eit utspel om at dei liker dårleg innstillinga til teknisk sjef om å utsetje saka om godkjenning av kunstgrasdekke på Hasundgot Stadion.

Men tilrådinga frå teknisk sjef var aldri å utsetje saka, han føreslo å setje nokre vilkår for godkjenninga. Misforståinga kan skrive seg frå sakspapira som vart sendt ut i forkant av møtet i teknisk utval førre veke. Der står det at saka treng noko meir tid for ei forsvarleg utgreiing.

Indresøvde påpeiker at uttalen frå kommunelegen ikkje førte til at dei ville utsetje saka.