– Vi vil bruke januar og deler av februar til å vurdere om vi vil satse på vidare drift av Posten Kafé & Vinbar. Men dersom det finst nokon som kan tenkje seg å ta over drifta, så er det berre å ta kontakt, svarer Thorheim. Hareid Hotel og eigarselskapet Kamasi tok over drifta av kafé for tre år sidan. Thorheim slår fast at dei har ikkje klart å tene pengar på kafédrifta. Dei andre selskapa i Kamasi har heile tida subsidiert Posten Kafé & Vinbar. – Vi trudde det var behov for ein kafé på Hareid, og vi meiner vi har eit godt matilbod og ein koseleg plass. Men kundegrunnlaget har ikkje vore stort nok. Vi kan ikkje subsidiere i all æve, slår han fast. Thorheim opplyser at dei har mykje å gjere ved Hareid Hotel, og at dei treng personalressursane frå kaféen til hotellet. Hareid utan tradisjonell kafé Akkurat no er dermed Hareid utan ein tradisjonell kafé. For eit knapt år sidan la Vestre Bakeri & Konditori ned rifta i Solstrandbygget, og ved nyårsskiftet kutta Fjord1 MRF ut kafédrifta ved Hareid Trafikkterminal. Etter det Vikebladet Vestposten forstår, skal MRF ha vore i forhandlingar med ein person som vil ta over drifta, men det lukkast ikkje lokalavisa å få dette stadfesta fredag. Det som er att på Hareid er Hareid Pizzarestaurant på ytre Hareid, Jafs på indre Hareid, Hareid Hotel, Mix *Scene1 og Kinarestauranten.

Også kaféen ved Hareid Trafikkterminal er stengd. Fjord 1 MRF skal vere i forhandlingar med ein ny drivar.