Ferien er over og det er klart for skulestart. Gode kvardagsrutinar skal etablerast og raske, enkle og sunne middagsrettar er ettertrakta når kvardagen innhentar oss. Sjømatkonsumet blant barn og unge er framleis for lågt og Helsedirektoratet sitt kosthaldsråd gjeld framleis, nemleg å velje fisk til middag to til tre gongar per veke.

Ein fiskemiddag kan ein gjere meir spanande med nytt tilbehøyr og mango er skikkeleg godt som middagstilbehøyr. Mango er ei frukt som stammar frå India og den har søt, tropisk aroma. Mango finn ein i alle fruktdiskar i Norge i dag, og den spesielle kraftige mangosmaken i salaten gjer måltidet til ein smaksfest. Visste du forresten at mango er ei av dei mest etne fruktene i verda etter banan?

Laks er populært, lett tilgjengeleg og mange likar smaken. Feit fisk er dessutan vår beste kjelde til omega-3 feittsyrer og vitamin D, og saman med mango som er full av C vitamin, er denne middagen ei vitaminbombe i seg sjølv. God middag!

INGREDIENSAR

700 g laksefilet, utan skinn og bein

2 ss olivenolje

salt og pepar

MANGOSALAT

1 stk. mango

1 potte frisk koriander

1 stk. raud chili

4 ss olivenolje

½ stk. lime

salt og pepar

FRAMGANGSMÅTE

Skjer laks i serveringsstykke og pensle dei med olivenolje. Grill laksestykka i ca. 2 minutt på kvar side og krydre med salt og pepar.

MANGOSALAT

Skjer mango i bitar. Plukk blada av korianderplanta, og skjer chili i små bitar. Bland mango, korianderblad og chili med olivenolje og limesaft. Smak til med salt og pepar.

Server grilla laks med ris og mangosalat ved sidan av.

mat: Matspalta står på trykk kvar laurdag. Kari Ryslett og Mari-Lene Korsnes er spaltistar. Spalta er eit samarbeid mellom Vikebladet Vestposten og Møre-Nytt. OM SPALTISTEN: Kari Ryslett arbeider med Matkultur- og helse ved Høgskulen i Volda. Ho har brei erfaring gjennom yrke- og arbeidsliv med mat, helse og opplæring frå ulike perspektiv. I Vikebladet Vestposten vil ho dele sine beste sjømatoppskrifter med lesarane og ho håper dette kan vere til inspirasjon til å velje å ete meir fisk og sjømat både til kvardags og i helga. Foto: Privat