Oppdatering laurdag klokka 21.30: Begge dei to mistenkte vart lokaliserte av politiet og pågripne på ei privat adresse i Volda. Dei to vart frakta til Ålesund og satt i politivaretekt. Saka blir etterforska vidare av lensmannen i Ørsta eller Volda.
Laurdag ettermiddag truga to personar ein annan person med kniv i Ørsta. Dei to gjorde også skadeverk i form av ruteknusing.
- Den fornærma klarte å rømme gjennom eit vindauge og heldt seg i skjul fram til politiet kom til staden, seier operasjonsleiar Johan Arnt Overøye i Sunnmøre politidistrikt. Den fornærma vart ikkje fysisk skadd.
Då politiet kom til staden, var dei to mistenkte gjerningspersonane forsvunne.
- Men dei er kjenningar av politiet, opplyser operasjonsleiaren.