Framferda jonsoknatta i år har fått konsekvensar som den unge mannen truleg ikkje er glad for.

Etter å ha drukke 7–8 halvlitrar med øl, forlét han og ei kvinne ein fest ved sjøkanten ut på natta. Då dei kom opp på vegen oppdaga mannen ein bil som stod parkert i ei busslomme – med nøklane.

I retten har han forklart at han rekna med at det var ein på festen som eigde bilen, og at han kunne låne han for å køyre kvinna heim.

Saman med kvinna sette han seg inn i bilen og venta ei stund i tilfelle dei som eigde bilen skulle dukke opp. Men det kom ingen, og han bestemte seg for å køyre kvinna heim. Ein tur på om lag to kilometer.

Men då dei kom fram, vart han kontakta av politiet. Den unge mannen erkjende med ein gong både at han hadde køyrt med promille, og at han ikkje hadde tatt kontakt med eigaren av bilen før han tok han i bruk.

Sunnmøre tingrett har dømt mannen til fengselsstraff i 36 dagar, 15 av dagane blir utsett med ei prøvetid på to år.

I tillegg skal han betale ei bot på 30.000 kroner, og han blir utan førarkort i to år. Han på opp til ny førarprøve når dei to åra er omme.