Kommunalsjef teknisk, Arne Runar Vik, skriv i sakspapira til teknisk utval at det er stor byggjeaktivitet i Ulstein kommune. Dei aller fleste held seg innanfor regelverket, men nokre bygg utan løyve og nokre bygg noko anna enn det som dei har fått godkjent.

– Det er viktig å prioritere oppfølging av desse sakene for å sikre at regelverket vert respektert, og for å sikre at folk opplever likebehandling. Om ein innbyggjar har søkt og fått avslag på eit tiltak, vil det opplevast provoserande at ein nabo byggjer tilsvarande utan å søkje og utan at det får konsekvensar, skriv Vik.

Kommunane har også ei plikt jamfør regelverket til å føre tilsyn og følgje opp brot på plan- og bygningslova, teknisk forskrift byggjesaksforskrift, arealplanar, vedtekter og einskildvedtak.

Kommunalsjefen rår teknisk utval til å godkjenne “Strategi for tilsyn og oppfølging av ulovlege byggjetiltak i 2013”.

Saka skal opp på møte i teknisk utval i morgon, onsdag 5. desember.