Frå 1. januar 2013 reduserer Tussa Nett nettleiga med 4 %. For ein gjennomsnittleg hushaldskunde utgjer reduksjonen 2,5 øre i nettleiga, eller 500 kroner i året.

Etter reduksjonen vil ein gjennomsnittskunde betale 7 000 kroner i året i nettleige. I tilegg kjem statlege avgifter på 3 153 kroner i året.

Todelt forklaring

Forklaringa på kvifor Tussa reduserer nettleiga er todelt.

1. Ekstremveret Dagmar i romjula 2011. Mange mista straumen under uveret, og for Tussa Nett vert dette ein kostnad som skal godskrivast kundane gjennom reduksjon i nettleiga. Første steg kom gjennom reduksjonen i nettleiga på 5 % i sommar, andre steg no.

2. Det er styresmaktene som bestemmer inntekta til nettselskapa. Inntektsramma for 2012 er lågare enn venta, noko som er knytt til låg kraftpris og låg rente. I løpet av 2012 tok vi såleis inn meir inntekt gjennom nettleiga enn det inntektsramma gav rom for. Det betalar vi no tilbake til kundane gjennom lågare nettleige i 2013.