Lokalbandet Skóg har nett gitt ut ny låt. Låten har fått namnet Memento Mori, og er ein samfunnskritisk låt om dagens press, ein kamp om å vere god nok.

– Når vi opptrer med Skóg brukar vi å introdusere Memento Mori med å seie «denne låten handlar om å døy». Det beskriv eigentleg låten godt, men det er ei lang historie bak skapelsen av låten, forklarer Sondre Skorgen i Skóg.

I fjor opplevde han å søkje seg inn på feil studie.

– Det var ikkje noko for meg. Uansett kor hardt eg prøvde fekk eg ikkje bygd opp ei stor nok interesse for faget, og det gjekk hardt ut over sjølvtillita mi. Eg opplevde på dette tidspunktet eit møte med dødsangsten, store smerter i rygg og kropp gjekk ut over kvardagen. Alt var eit resultat av at eg var flau over å ikkje gjennomføre dåverande studiar, fortel Sondre.

Etter eit møte med doktoren fekk han beskjed om å ta det med ro.

– Det var sjølvpåført stress som gav meg dei fysiske smertene, og eg undrar framleis på kvifor det gjekk så hardt ut over meg, seier han.

Desse opplevingane er utgangspunktet for den lyriske tematikken som speglar seg av i låten.

– Saknet etter gårsdagen då alt kjendest så enkelt, medan eg i notid må ringe heim til mor og far å fortelje at eg ikkje klarte det, forklarer Sondre.

– Eg brukar å skildre tekstane mine som samfunnskritiske. Kva er årsaka til at eg fekk minproblem? Burde ikkje folk kunne ta feil val i livet utan å føle det presset eg møtte? Kanskje eg er dramatisk i handlingane mine, men det er ikkje tvil om at dagens ungdom i dag er svært prega av psykisk sjukdom, og det kan ein ikkje skulde enkeltpersonen for, meiner Sondre. Han trekker fram utdanning, pengar, bustadlån og sikkerheit som stikkord for kva bekymringar unge menneske opplever i den norske kvardagen.

Andre sine forventningar

– Eg valde studiar på feil premissar. Premissane baserte seg på forventingar frå andre, premissar tufta på økonomiske fordelar. Det fungerte ikkje for min del, pengar og sikkerheit var ikkje nok til å drive meg mot mål.

Memento Mori er eit latinsk utsegn som minner oss om at vi aldri må gløyme at vi skal døy. Eg møtte døden, og den fortalde meg at eg må nyte min eigen kvardag så lenge eg lev og pustar på denne jorda, seier Sondre Skorgen som har følgjande oppmoding å kome med:

– Til alle unge og eldre, vi i Skóg vil oppfordre alle til å tenkje over kva som eigentleg gjer deg glad i kvardagen. Er det eit driv, ei ro, eller eit kvalitetsmerke på jakka di?

Med Vegard Johansen som si høgre hand produserte Sondre SKorgen låten i studioet ved Norges Kreative Høgskule, der begge to studerer musikkdesign. No vert låten publisert på internett i samarbeid med det lokale plateselskapet 6060 Studio.

Vår lokale trompetist, Pål André Grimstad Worren, er mellom musikarane og ei knapp tid etter låtslepp gav dei også ut tilhøyrande musikkvideo som ein kan sjå på YouTube. Handlinga i musikkvideoen går føre seg i eit alternativt univers og skildrar ei tragisk sykkelulykke og korleis overgangen frå livet til døden går føre seg.

Fosnavåg Rock

No ser Skóg fram til å spele på Fosnavåg Rock i juni

– Det blir vår første «store» konsert. Skóg har ofte berre tre stykke på scena, men i juni prøvar vi å få det så nært studiolåtane som mogeleg. Dette inneber vokal, kor, blåsarrekkje, banjo, gitar, bass, trommer med meir. Det blir ei hektisk tid framover, og vi i Skóg kjem til å jobbe målretta fram mot sommaren då vi også skal halde nok ein låvekonsert.

I fjor sommar pussa Sondre Skorgen opp låven heime i Snipsøyrdalen, og der vil dei freiste å gjere det til ein tradisjon å halde konsertar på sommarstid.