Torsdag kveld spelte Norge sitt U21-landslag i fotball privatlandskamp i Drammen mot Irland. Før kampen var det venta at landslagssjef LeiF Gunnar Smerud ville kome til å gjere store endringar i pausen slik at flest mogeleg fekk prøve seg.

Ein av dei som kom inn frå benken til den andre omgangen var Hødd-spelar Fredrik Aursnes. Hareidsdølen kom inn for Mohamed Elyonoussi som scora eitt av dei to norske måla i første omgang. Eit mål frå Veton Berisha førte til 2-0 leiing til Norge før Aursnes kom på bana.

Også i den andre omgangen, no med Fredrik Aursnes involvert, var Norge det beste laget. Mål frå Petter Strand og Kristoffer Normann Hansen i løpet av nokre få minutt garanterte sigeren for Norge, før Irland fekk med seg eitt trøystemål på straffe.

Les også: - Viser at eg har gjort noko rett

Landslagssjefen seier til fotball.no at han fekk gode svar i løpet av kampen mot Irland.

- Det var den første kampen med et nytt lag og det var fyrverkeri i ein time. Eg er svært nøgd. Det var flotte scoringar, stor entusiasme og mange relativt ferske spelarar som gjorde ein veldig god  kamp, sa Smerud til fotballforbundet sine nettsider.

Måndag er det klart for ny kamp for U21-landslaget. Då er det Ungarn som kjem på vitjing til Marienlyst stadion i Drammen.