Rem Offshore har fått seg eit stasleg skip. Og til dåpsseremonien på Prestebrygga i Ålesund i dag gjorde konsernsjef Ståle Rasmussen i Kleven eit poeng av at det meste på båten - og seremonien - er kortreist.

Reiarlaget er frå Herøy, skipet er bygd ved Kleven i Ulsteinvik og det er designa av Marin Teknikk i Herøy. Hjørungavåg Brass - frå Hjørungavåg stod for musikken, og til og med gudmora må seiast å vere kortreist.

Maria Remøy Aurvåg er dotter til Åge Remøy, og gudmor for "Rem Pioneer".

Ho har vore gudmor ein gong tidlegare, men då for ein fiskebåt på New Zealand.

- Eg trur det er snart tjue år sidan, fortalde Maria Remøy Aurvåg, som meiner det er stas å få vere gudmor for eit så stort og flott offshoreskip.

Marin Teknikk

Skipet er av typen MT 6022L, og direktør Svein Rune Gjerde i Marin Teknikk fortel at det hittil er bygd 12 skip av denne typen. Blant anna fem i til Rem og to til Olympic Shipping.

Skipa er 117 meter lange og 22 meter breie, har stort dekksareal og ei kraftig kran. Innreiinga er til 110 personar.

Konsernsjef Ståle Rasmussen nytta sjansen til å takke Rem Offshore for oppdraget, og for de tgode samarbeidet som har vore mellom reiarlaget og Kleven.

Snart 20 skip for Rem

- Hittill har Kleven bygd 17 offshoreskip til Rem, og i tillegg er det bygd nokre fiskebåtar også. Så no nærmar vi oss snart 20 Rem-skip, men berrre nesten. Så det må vi snart få gjort noko med, sa Rasmussen, og smilte lurt i retning mot reiar Åge Remøy.

Rasmussen takka også folka i eigne rekker for stor arbeidsinnsats. Spesielt til prosjektleiar Arve Fjørtoft og teamet hans.

Etter dåpen skal skipet ut på eit par siste testturar før overlevering om eit par dagar. Når alt utstyret er på plass skal "Rem Pioneer" setje kursen mot Middelhavet der det skal inn i eit oppdrag med reparasjonar og inspeksjonar på havbotnen.

Mange fotografar og mykje publikum hadde møtt frå på Prestebrygga for å vere med på dåpen av "Rem Pioneer".