Det melder Sunnmørsposten. Avisa skriv at formannskapet vart kalla inn til eit hastemøte per telefon for å diskutere rådmannen. At rådmannen var teamet vil ikkje ordførar Arnulf Goksøyr stadfeste. Goksøyr seier at han konfererte med KS før det vart kalla inn til eit møte på hotellet. Der kunne dei få vere i fred.

– Eg er fullstendig klar over at alle politiske møte skal kunngjerast og alt det der, men eg valde å stole på at advokaten i KS gav oss korrekte råd i denne saka, seier Kjell Runde frå Folkelista/Sp til Sunnmørsposten.

Rådmann Erlend Krumsvik kjenner ikkje til møtet og kunne ikkje kommentere saka.