NPK-NTB): Barn i alle aldrar brukar nettbrett meir enn nokon gong, noko som kan gå ut over både søvn og læring.

Forskarane frå American Academy of Pediatrics (AAP) fastslår i ein fersk rapport at bruken av digitale medium har auka dei siste åra. Forsking tyder på at dei nye media har sine fordelar, men at dei også kan utgjere ein helserisiko.

Forskarane har derfor sett opp ei detaljert liste med anbefalingar til både foreldre, barnelegar og andre om bruk av digitale medium blant barn, skriv Norsk Helseinformatikk på sine nettsider.

Ikkje i det heile

Lista er lang, men eitt klart råd er at barn under 18 månader ikkje bør sjå på skjermar i det heile. Dei litt eldre bør ikkje ha meir enn éin times skjermbruk om dagen.

Skjermen høyrer uansett alder ikkje heime ved matbordet, og alle skjermar bør leggjast bort innan éin time før sengetid. Skjermar på soverommet etter leggjetid er heller ikkje lurt.

Ifølgje forskinga kan mediebruken føre til negative helseeffektar på søvn, merksemd og læring – som igjen kan føre til høgare førekomst av fedme og depresjon. Mediebruken aukar også risikoen for at barna blir eksponerte for unøyaktig, upassande eller usikkert innhald og usikre kontaktar. (©NPK)

Nye råd om barn og nettbruk

Det amerikanske Akademi for barnesjukdomar har komme med nye anbefalingar om barns mediebruk, her formidla frå Norsk Helseinformatikk.

Småbarn

* Barn yngre enn 18 månader: Bruk av skjerm vert ikkje tilrådd.

* Barn mellom 18 og 24 månader: Dersom foreldre ønskjer å innføre medium, tilrådast program eller applikasjonar med god kvalitet, og at foreldre brukar dette saman med barnet.

* Barn på to år og eldre: Bruken bør avgrensast til maksimalt éin time kvar dag og innhaldet bør ha høg kvalitet. Foreldra bør vere til stades og hjelpe barnet med å forstå kva det ser.

* Ikkje skjermbruk under måltider.

* Alle bør leggje bort skjermen innan ein time før sengetid.

* Det bør ikkje vere tilgang på skjerm på soverommet etter leggjetid.

* Unngå å bruke media som ein måte å roe eit barn ned på.

* Foreldre må ikkje føle seg pressa til å introdusere teknologien tidleg – teknologien er så intuitiv at barna lærer seg det fort nok.

* Slå av tv og annan skjerm når dei ikkje er i bruk.

Barn i skulealder og ungdom

* Lag ein plan over mediebruken i familien som skildrar kva typar medium familiemedlemmene brukar og kor ofte. Dette må inkludere foreldra.

* Følg retningslinjene om dagleg fysisk aktivitet (ein time) og søvn (8-12 timar, avhengig av alder).

* Unngå bruk av skjerm ein time før leggjetid.

* Ikkje la barna sove med ein skjerm på soverommet.

* Ha kontinuerleg kommunikasjon med barna om privatliv på nettet, nettmobbing og dei utfordringane nettbruk fører med seg.

(Kjelde: Norsk Helseinformatikk, American Academy of Pediatrics) (©NPK)