Gråmåsen har hatt ein kraftig tilbakegang dei siste ti åra. I 2006 blei bestanden estimert til 233.000. par, medan i 2014 var den minka til berre 72.000 par, skriv Martin Eggen i Norsk Ornitologisk Forening (NOF).

No åtvarar NOF om sanking av måseegg, og meiner at endringane i bestanden av måsar må oppmode til ei endring av korleis ein nyttar naturen.

I eit nytt forslag til nye tider for jakt og fangst har Miljødirektoratet tatt svartbak og gråmåse ut av lista over artar som er lov å jakte på. NOF støttar sterkt opp under forslaget.