Tidlegare i haust vart det klart at Boreal Transport Nord AS skal drifte fire hurtigbåtruter i fylket, blant andre sambandet mellom Hareid – Valderøy og Ålesund. Kontrakten startar 01. 01. 2017. I samband med dette skal det kome nye fartøy. Benedicte Bjerkvik i samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal Fylkeskommune fortel at kapasiteten på dei nye hurtigbåtane vil vere 296 passasjerar som er det same som no. I tillegg vil rutetabellane vere dei same som no.