Torsdag signerte forhandlingsutvala i Ulstein og Hareid på ein intensjonsavtale for Hareidlandet kommune. Det skjedde med statsminister Erna Solberg som vitne. Vikebladet Vestposten har fått tilgang til intensjonsavtalen og i denne artikkelen kan du lese utdrag frå avtalen.

Her kan du lese heile avtalen

I innleiinga til intensjonsavtalen skriv ein mellom anna at kommunane har som intensjon å danne ei ny felles kommune frå 1. januar 2020.

"Det er kommunestyra som rår til om kommunane skal slå seg saman eller ikkje, etter dialog og medverknad frå innbyggjarane. Ei endeleg avgjerd vert teken av Stortinget ijuni 2017."

Samarbeid vil halde fram

"Kommunane har allereie idag eit omfattande interkommunalt samarbeid, dei fleste i saman med dei andre kommunane på Søre Sunnmøre. Dei fleste av desse samarbeida må ein rekne med må halde fram. Ei samanslåing kan likevel gi ei rekkje moglegheiter og gevinstar:

- betre politisk samordning og overordna prioritering

- betre strategisk og administrativ styring

- større samla innovasjonskraft

- betre utnytting av personale og arealressursar

- større kraft som samfunnsutviklar

- kommunen får fleire oppgåver og større sjølvråderett

- større fagmiljø som kan gi meir berekraftige og fleksible tenester

- kostnadseffektiv drift"

Visjon og mål for Hareidlandet kommune

"Hareidlandet kommune skal vere den mest attraktive kommunen å busette seg i på Sunnmøre grunna attraktive og definerte tettstadar og bustadområde, ein interessant og mangfoldig arbeidsmarknad, og eit framifrå kultur- og idrettsmíljø."

Hovudmål for Hareidlandet kommune:

- Å bygge ein sterk kommune som sikrar innbyggarane tenester av god kvalitet og fremjar vekst og utvikling i heile kommunen.

- Å vere eit førebílde for andre kommunar innanfor innovasjon og samfunnsutvikling.

- Å vere ein god nabo og konstruktiv samarbeidspartnar ovanfor dei andre kommunane på Sunnmøre

- Ein fast og tydleg lagspelar for næringslivet og frivillig sektor.

- Ein ambisiøs kultur- og idrettskommune på linje med dei større byane.

- Hareidlandet kommune skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar.

- Ei øy utanom det vanlege.

Samfunnsutvikling

I intensjonsavtalen blir det slått fast at ein både ønskjer attraktive tettstadar, men også vekst og bulyst i krinsane i kommunen. Under kapittelet samfunssutvikling er desse tiltaka lagt inn i avtalen:

- Utarbeide tettstadsplanar for Hareid og Ulsteinvik og prioritere tettstadsutvikling i begge dei eksisterande kommunesentra.

- Kommunen skal sikre at det blir regulert og bygd ut tomteområder i alle krinsar.

- Gjennom konkrete og samordna planar finne gode løysingar for utvikling av Hareid sentrum, der helsehus, ungdomsskule og kultursal inngår.

- Plan- og utviklings-avdelinga skal leggast til Hareid for å tydeleggjere satsinga på sentrumsutvikling i Hareid.

- 10 millionar av reformstøtta skal øyremerkast sentrumsutvikling i Hareid.

- 5 millionar av reformstøtta skal øyremerkast sentrumsutvikling i Ulstein.

- Utvikling av viktige rekreasjonsområder og kulturminner i den nye kommunen skal prioriterast. T.d. Overåsanden, Kvitneset og Osnessanden.

Forhandlingsutvala har kome fram til at basistenestene, eller dei tenestene som folk brukar i det daglege, i hovudsak skal ligge slik som dei gjer i dag. Herunder har ein mellom anna skule, SFO, barnehagar, legesenter, sjukeheimar, kulturskule og idrettshallar. I det vedtekne helsehuset på Hareid ønskjer ein å legge desse fellesfunksjonane; tannhelseteneste, kommunepsykolog, NAV, samt Rus og psykiatri. Ein vil styrke fagmiljøet ved helsehuset på Hareid gjennom å legge dei neste fire nye legeheimlane til Hareid.

Oppgåvefordeling

I den nye kommunen vil plasseringa den strategiske leiinga, herunder mellom anna ordførar, rådmann og kommunalsjefar verte lagt til Ulsteinvik, saman med strategiske stabsfunksjonar med juristar og rådgjevarar. Helse og omsorgssektoren, samt eigedomsforvaltninga i den nye kommunen skal også leggast til Ulsteinvik.

Til Hareid går plan- og utviklingsavdelinga, koordinerande stabsfunksjonar, teknisk etat, oppvekstetaten, kulturavdelinga og NAV.

Lokaldemokrati

For å sikre engasjement og eit levande lokaldemokrati i den nye kommunen har forhandlingsutvala kome fram til desse punkta:

- Den nye kommunen skal vere organisert etter formannskapsmodellen (som dagens kommunar). l første periode skal kommunestyret ha 31 medlemmar. Formannskapet skal ha 9 medlemmer.

- I tillegg til lovpålagte organ, skal kommunen ha eit ungdomsråd.

- Fellesnemnda utformar den politiske organiseringa elles.

- Kommunen skal gjennomføre ein meir aktiv dialog med innbyggarane gjennom nye digitale plattformer, fleire folkemøter, innbyggjarundersøkingar, og liknande.

- Kommunen er avhengig av og skal støtte den frivillige innsatsen. Ansvaret til politisk sekretariat skal utvidast til også å ivareta /engasjere frivillig sektor.

Hareidlandet kommune skal ha kommunesenter i Ulsteinvik, men det er også slått fast at ein skal nytteHareid sitt kommunevåpen og ordførarkjede.

Før kommunestyra i Ulstein og Hareid tek stilling til samanslåinga skal Hareid kommune gjennomføre både opinionsundersøking og ei folkerøysting. I Ulstein kommune blir det gjennomført opinionsundersøking.

Økonomi

"Den nye kommunen skal ha ein sunn økonomi, drive effektivt og levere gode tenester."

I intensjonsavtalen er det lista opp ei rekkje punkt som skal vere med på å sikre sunn kommuneøkonomi for Hareidlandet kommune. Fram til ei eventuell samanslåing skal kommunane vedta budsjett- og økonomiplanar med positive driftsresultat, medan ein skal arbeide med omstilling- og effektiviseringsprosessar som vil sikre at ei ny kommune er mest mogleg veldriven frå første stund.

Det blir også slått fast at det er eit mål at den nye kommunen ikkje skal ha eigedomsskatt.

I kapittelet om kommuneøkonomi er det lista opp fire prioriterte investeringar. Dei er ny Hareid ungdomsskule, Ulsteinvik barneskule, Aktivitetshus med tilhøyrande kultursal i Hareid og arbeidskyrkje i Ulstein. For arbeidskyrkja er det merka at dersom ein får nok private bidragsytarar kan denne realiserast tidlegare.